Om festivalen

Om Vossablås

Velkomen til Vossblås, ein korpsfestival på Voss for alle, både nye og meir erfarne korpsmusikantar.

Festivalen er lagd til Vossevangen, som er handelssenteret i Voss Herad.

Speleglede, fellesskap og mangfald har hovudfokus i festivalen.

Festivalen ynskjer å vera uformell og legg vekt på det sosiale.

Opning og avslutning vert ved Prestegardslandet og musikkpaviljongen – eit stort park- og friluftsområde midt i sentrum. Det vert innmarsj frå ulike stader utan altfor lang avstand å marsjera. På avslutninga vert det felles-nummer.

Det vert friluftskonsertar rundt omkring i sentrum laurdag føremiddag.  Alle korpsa får tildelt ein stad å spela. Det er ønskjeleg at alle deltakande korps har eit speleprogram på ca. 15 minutt. Korpset tek sjølv med seg det som trengst av utstyr. Alle får tilbod om bading i det nye Vossabadet  i løpet av helga.  Laurdag inviterer me til grillfestved Vangsvatnet.

Festkonsert med underhaldning, premiering og påfølgjande disko med DJ høyrer med på laurdagskvelden.