Website Generator

FESTIVALINNHALD:

Speleglede, fellesskap og mangfald har hovudfokus i festivalen. Festivalen ynskjer å vera uformell, men skal likevel ha 'snusarar' ute som skal premiere nokon av korpsa som er med. Denne juryen skal fylgje med på marsjeringar og konsertar i løpet av helga. Det vert delt ut prisar for kreative innslag og publikumspris. Opning og avslutning ved Prestegardslandet og musikkpaviljongen eit stort park og friluftsområde midt i sentrum. Det blir innmarsj frå ulike stader utan altfor lang avstand å marsjere. På opninga og avslutninga blir det eit fellesnummer, "Ja vi elsker". I tillegg blir det friluftskonsertar ved Amfi-senteret, Torget, Ungdomshallen, i Vangsgata og ved det nye Kulturhuset på Voss ved Vangsvatnet. Det er ønskjeleg at alle del-takande korps har eit ca 15 min langt speleprogram. Laurdag blir det grillfest ved Vangsvatnet. Me inviterer til sosiale aktivitetar og god mat. Det blir lagt opp til at det skal vere tid til kos og at me skal bli enda meir kjende med kvarandre. Festkonsert med underholdning og påfølgjande disko med DJ høyrer med på laurdagskvelden i Voss Idrottshall. 



Innkvartering:

Det vert overnatting på Voss Ungdomsskule og Voss Gymnas, i gangavstand til alle aktivitetar. Alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Det blir vaksne vakter døgnet rundt og festival-kontoret blir på Voss Ungdomsskule. 




STAD FOR FESTIVALEN:

Festivalen er lagt til Vossevangen, som er handelssenteret i Voss kommune. 


Mat:

Som matsal nyttar me bedehuset NAIN som ligg mellom Voss gymnas og Voss Ungdomsskule. Det blir servert fylgjande måltid; fredag ettermiddag/kveld når de kjem, 3 måltid laurdag og 2 måltid sundag (frukost og lunch etter avslutninga) Måltid er inkludert i festivalavgifta. Andre gjestar kan eventuelt kjøpa matkuponger. 


NB! Det er viktig å melde frå om allergi/intoleranse på førehand. 

Adresse
Voss skulemusikklag
Postboks 330
5700 Voss, Noreg

Kontakt oss:
Epost: post@vossakorps.no
Telefon: +47 932 58 573